mandag, februar 16, 2009

Sølvring




Slik gjekk det til når eg laga min aller første sølvring! Og denne ringen gjorde at eg fekk veldig mersmak til å bli gullsmed, så no har eg søkt meg inn på VG2 Gullsmed på Setesdal Videregåande Skule i Valle!

Eg måtte først sage ut eit langt rektangel av ei sølvplate som var ca 1mm tjukk. Eg måtte sage rektangelet så bredt eg ville ha høgden på hjartet (om du forstår?) og ganske lang, siden at hjartet måtte bøyes til.

Så tok eg ei rundtang og forma dette rektangelet om til eit hjarte, det tok ikkje så lang tid, men finjusteringa var litt vanskelig. Sånn type: klemme litt ekstra her, ånei det blei for mykje osv.

Så skulle dette loddest på ei tynn sølplate, det som blir toppen av hjartet. denne plata var ca 0,3mm tykk trur eg. Då la eg sølvplata ned på bordet først og plasserte det ferdig forma hjartet oppå. Klipte opp sølvlodd og la dei rundt mellomrommet mellom hjartet og plata, og brukte gassbrennaren og flussmiddel til det hadde lodda seg saman.

Så måtte eg sage rundt hjartet, det gjekk egentlig veldig fort, eg blei ein kløpper med den saga (kan minnest om ei baufil). Når det var gjort så måtte eg pusse slik at skøytane ikkje vistes, slik at den blei glatt og slik at den fekk litt liv. Eg brukte filar med forskjellig hardheitsgrad (veit ikkje om det er det det målest i) og sølvpapir. Når eg var ferdig med den så skulle eg lage sjølve ringen.

Då hadde eg valet mellom å lage ein ring av ei plate, eller av ein tykk tråd. Eg valte det siste, fordi fingrane mine er så pølsete at dei ikkje passar tykke ringar. Det var berre å måle kor stor eg ca trengte den og sage av ein bit. Lodde den saman og prøve den på. Eg hadde flaks der for den passa perfekt.

Ringen og hjartet skulle da loddast saman og pusses og polerest. Dette gjorde han gullsmedleraren for han sa det blei veldig varmt. Når det var ferdig så skulle eg berre legge det i zalovann og skylle den etterpå. Då var den så blank og fin.

Eg må seie at dette er den fineste ringen eg nokonsinne har sett, og då gjer eg blaffen i jantelov!


Har holdt på med ein kjole no siden begynnelsen av januar, blei endelig ferdig med den på fredag (ja, den 13. du forstår no kva som skjer?) eg måtte legge opp falden for hand fordi eg ikkje forsto korleis eg skulle brette den for blindsøm på maskina, men uansett, då eg ENDELIG var ferdig skulle eg ta den på meg, og glidelåsen sklir ut av sporet. Eg hatar usynleg glidelås i utgangspunktet, men no må eg uansett skifte den, og det blir ein synlig glidelås neste gang! ARGH!

Også er eg faktisk ferdig med dåpsbeslaget til K, endelig, det er levert til montering no, derfor ingen bilder. Og dykk som pleier å følge meg veit jo at eg eigentlig ikkje lik å legge ut bilder av noko som ikkje er ferdig, i tilfelle det aldri blir ferdig.

Kjære Helen, kva har du på pinnane no?

Jo, eg har ei monsterbukse, ein nøstebarndress, ei ull/silketrøye til meg, og no skal eg STRAKS starte på eit sjal, nermare bestemt; Petticoat spanande!


8 kommentarer:

amylin sa...

Oj, så flott sølvring, også har du laget den selv også. Nå ble jeg skikkelig imponert.

HildeS sa...

Fy flate, den var utrolig flott..

Anonym sa...

Ringen ble kjempefin den! Og lykke til med gullsmedutdannelsen. :o)

Å bytte glidelåser er pyton, og så når du nettopp hadde sydd den i også..... Surt!

Tina sa...

Så fin den var! Så flink du er - håper å se deg på skole her i Valle til neste år:-)

Monicas sa...

ja det må æ si...gullsmed du...ja, du har jo annlegg førr det ser æ jo....korr arti at du skriv på ei anna dialekt..;).....ringen va iallefall som sagt stiilig, så løkke te.

Anonym sa...

Sølvringen var utrolig nydelig !

Hanne sa...

Kjempefin ring! Så flink du er!

Elise Charlotte Søraa Jakobsen sa...

For en fin ring! Æ ble rett å slett forelska i den!! Veldi fin! :D