tirsdag, mars 31, 2009

Smykker, skulearbeid og flotte barn!

Etter at eg begynte på skulen så har eg ikkje gjort noko handarbeid heime. Eg føler at eg får mitt daglige hobbyinntak og i tillegg er eg så fantastisk sliten når K er i seng og dagen er over at eg ikkje orker å tenke meir med høgre hjernehalvdel (fnis).

No har vi iallefall smykkeprosjekt på skulen, kor eg har valgt å lage smykker til bryllup. Det viktigste var at det ikkje blei "perler på ei snor" og her er iallefall dei eg skal levere inn:

Armbånd med perlemorsperler og blomster som eg har satt perler inni.
Allereie tre jenter i klassen som har blitt heilt vill etter dette sukkersøte smykket.

Hårbøyle med glassperler i blank og raud.
Dette var eigentleg min hovedidè, men etter at eg var ferdig med denne hadde eg fortsatt fleire timer igjen. Denne tok si tid. Eg har brukt ein "fletteteknikk" med tre tråder. Dette måtte då limes på ei hårbøyle, og det var vanskelig. Først trudde eg at eg hadde satt den på midten, men det blei heile 8mm forskjell på kvar side, så då måtte eg ta det av og fjerne limpistollimet ifrå hårbøyla.
Då eg endelig fekk det til så røyk første snora eg brukte, det siste no er nylontråd og det burde berre halde!

Så her er det som blir "hovedproduktet" eit "fletta" smykke.
Eg fann idèen på eit smykke eg har ifrå før av, og videreført litt av den teknikken. Kanskje det ikkje synest så godt men det er blanke blomar rundt omkring imellom hjertane.

Her ser du korleis det ser ut på baksida. Det måtte fire trådar til og MASSE tålmod!
Skal seie at eg var veldig sliten i hovudet då eg var ferdig med dette, den som trur at kunstneriske og praktiske fag er superlett har verkeleg ikkje prøvd det!
Ja, også ein liten oppdatering på heimefronten. K har tatt etter mor si! Så no veit dykk iallefall kven som kan hjelpe til for å få oppdatert bloggen.
Her er iallefall gulvet etter at K hadde vert kunstnerisk på den.

Heldigvis hadde eg sånn vaskbar tusj, så teikninga er foreviget her men borte i verkelegheita.

søndag, mars 08, 2009

Veskekurs med Andrè Wallenborg, dag 2.

Sånn, då var eit kurs gjennomført. Eg har hatt det kjempegøy og det har vert så arti å treffe nye folk og lære masse nytt! I begynnelsen var det sånn: "hæ? ikkje tråkle?" "hæ? Ikkje knappenåler heller?" Gale, gale mannen.

Her er han iallefall, Andrè Wallenborg.
Her skal han montere magnetlåsen (ja, han måtte bruke det som demo, det er ikkje eg som er lat:)

Først så veska mi sånn ut, etter at eg hadde sydd på plass hankane og bunnen. Det gjekk faktisk mykje fortare idag, kanske fordi at det var veldig mykje pirkearbeid igår. Idag var det nesten berre montering.

Etter dette måtte eg berre raska på, så det er ingen bilder frå kva eg gjer imellomtida. Men her er iallefall den ferdige veska sett bakfra.

Veska forfra.
Eg skal prøve å finne eit sånn "kamè-bilde" for å stryke på på lomma.

Foran er det ei lomme...

Og ei lomme med glidelås.

På baksida er det ei strikklomme.

Her ser du inni veska. Vi sydde også ei plastlomme som er avtagbar.

Lomme på innsida.

Kortholdarar inni lomma.

Plastlomma montert på.

Plastlomma tatt bort.

Eg treng vel ikkje å seie at eg er kjempenøgd?

Eg vil anbefale alle som kan til å melde seg på eit kurs med Andrè Wallenborg, eg veit iallefall at dette ikkje er det siste kurset eg skal på. Du kan sende han ein epost info (at) wallenborg punktum no, og høyre om han skal ha kurs i nærheiten av deg i nær framtid, eller om du har ein butikk og vil bestille kurs med han.

Vi var ca 30 personar og han hadde SÅ bra opplegg, samtlige blei ferdige, og han var kjempeflink å vise. Og det som var enno betre, dei fleste som satt ved samme bord var kommet like langt, så då kunne ein hjelpe kvarandre. Berre positivt!

Så no skal eg ta og finne fram adressane til dei som hadde blogg, og snike rundt kva dei har å skrive:)

lørdag, mars 07, 2009

Veskekurs med Andrè Wallenborg, dag 1.

No har eg akkurat kommet heim ifrå ein lang, men innhaldsrik dag på sykurs i regi av Polar Quilt. Vi skal sy ei veske designa av Andrè Wallenborg, ein av Noregs mest kjende veskedesigner (om ikkje den mest kjende).

Opplegget er veldig bra, Andrè har hengt opp kvar bit på ei tavle, slik at vi får sjå korleis dei skal sjå ut. Dette er då baksida (eller forsida om du vil bruke den som det). Med trippel-lomme.
Så slik blei mi bakside/forside sjåande ut. Eg har valgt eit beige stoff med franske ord på. Eg elskar fransk, men kan verken lese, snakke eller forstå det. Så eg nøyer meg med å lese franske bøker oversatt til norsk.

Eg gløymte å ta bilde av alle stoffbitane til forsida, men her er iallefall mi forside, med lomme med strekk i.
Så skulle vi begynne med foret. Her er alle forbitane.
Og her er kortlommene mine, eg har sydd tre lommer som skal vere inni den hovedlomma i foret.
Her er hovedlomma.
Andrè hadde med seg fleire vesker han har designa og sydd, og det var veldig mange fine. Eg skal lere meg å sy den med mange små firkantar på, men eg må finne ut kor han skal ha kurs neste gong, for eg bur forhåpentligvis i Valle neste gong han skal ha kurs i Bodø.
MEN! Eg var forelska, i ei veske. Åherlighet kor mykje eg har tenkt på den, og drømt om den. Eg måtte berre ta eit bilde av den. Så no undrar eg meg, når kan eg rettferdigjere eit veskekjøp på rundt 7-8000kr? Er det når eg blir rik? Når eg finn meg ein mann som skal kjøpe alt til meg? Eller fortjen eg det rett og slett, og kjøper den og heller sparer litt ekstra for å kjøpe komfyr?
Eg trur eg må tenke litt meir på det.
Eg har ikkje tatt bilder av alle som sydde, fordi eg ikkje orka å gå rundt og spørre om kven som ville på nett og kven som ikkje ville, men kanskje eg kan ta bilde av Andrè og dei som sitt ved bordet mitt imorgon. Alle damene som sydde var kjempeflinke, og det var så gøy å sjå på alle dei forskjellige stoffene sjøl om alle syr samme veske.
Imorgon skal vi få blogglista til alle sammen, det skal bli gøy å bloggrundere hos dei. Eg måtte kjøpe meg skjærematte, skjærekniv og quiltelinjal, så eg trur nok eg blir bitt av denne basilla ja.
Urk, det blir vel dyrt?

tirsdag, mars 03, 2009

Monsterbukse og hals

Eg har også kasta meg på monsterbuksebølgen som herjar rundt omkring. Så eg fann oppskrift ein eller anna plass på nettet (eg har dessverre gløymt kor eg fann han, om du tilgir meg).
I oppskrifta skal ein bruke dobbel Opal, og pinne 3,5. Dumme meg trudde at dobbel Opal og pinne 3,5 blei Viking sportsgarn på pinne 3,5. Dette er i størrelse 3 år (ihvertfall) og han som skal ha den er like gammel og like liten som K, altså ein knøtt på 18mnd.
Jaja, eg får berre håpe at han ein gong passer den.For å seie det slik: eg fekk ikkje heilt til disse maskestingane, så det blei berre to tenner, og dei knøvla eg skikkelig med også! Augnene gjekk betre, men på nært hald ser ein jo at det ikkje er bra sydd på. Om mottakeren ikkje liker den, så kan eg jo seie at eg har lært K å sy. Evt finne opp eit søsken på rundt 4-5 år og gje ho skulda.
Buksa veier 236g.

Med barnehagebarn så forsvinn jo ein heil del ting. Eg har mangla halsen eg strikka til K for lenge siden. Så eg fann ut at ho skulle få ein ny hals i samme garn som sokkane hennar. Hummingbird Alpakka. Fy flate som eg elskar dette garnet! Eg brukte 56g på halsen, og no har eg berre 19g igjen, og eg har ikkje peiling på kva eg skal lage av 19g luksusalpakkagarn! Eg har heldigvis eit nøste til, i blå/grønnfargar, og det skal bli nattsokkar til meg. Heldige meg!
Her ser du baksida på halsen.
Det skal seies at den halsen eg har leita etter fann eg idag då eg skulle sjå i den kurven med alle luene og vottane og skjerfene. Så eg har tydeligvis ikkje leita godt nok.

Hmm... Kva skal eg no lage?