onsdag, februar 25, 2009

Dåpsbesalg og gardinar

Eg har fått montert dåpsbeslaget til K! Eller, det er ikkje eg som har montert det da, det er tanta til mormora mi. Det er alltid ho eg leverer ting til montering hos (forutenom strikkemontering, det er Aud sin jobb). Det tok si tid å brodere det ferdig, men no er det no ferdig og eg er kjempenøgd.

Her er iallefall det ferdige resultatet.




Ja, for veldig lenge siden så laga eg jo nye kjøkkengardinar til advent, i den posten så skreiv eg at eg måtte jo male gardinlista på kjøkkenet siden at den var trekvit og resten av kjøkkenet er kvitt. Vel, det gjorde eg igår, også kjøpte eg stoff til gardinar slik at eg fekk sydd meg enno eit par kjøkkengardinar. Og uansett kor mange millionar eg betalte for stoffet, så var det verdt det!

Før:

Etter:

Sjå kor fint det blei! Det lyseblåe i unikkoen (blomsten) er akkurat samme blåfarge som skapdørane på kjøkkenet har. Det eineste minuset er at gardinane er litt skeive. Men eg skulder på ho som reiv stoffet og ikkje klipte det;)

Også har eg kjøpt matchande kopptuer, noko luksus må ein jo ha!

mandag, februar 16, 2009

Sølvring




Slik gjekk det til når eg laga min aller første sølvring! Og denne ringen gjorde at eg fekk veldig mersmak til å bli gullsmed, så no har eg søkt meg inn på VG2 Gullsmed på Setesdal Videregåande Skule i Valle!

Eg måtte først sage ut eit langt rektangel av ei sølvplate som var ca 1mm tjukk. Eg måtte sage rektangelet så bredt eg ville ha høgden på hjartet (om du forstår?) og ganske lang, siden at hjartet måtte bøyes til.

Så tok eg ei rundtang og forma dette rektangelet om til eit hjarte, det tok ikkje så lang tid, men finjusteringa var litt vanskelig. Sånn type: klemme litt ekstra her, ånei det blei for mykje osv.

Så skulle dette loddest på ei tynn sølplate, det som blir toppen av hjartet. denne plata var ca 0,3mm tykk trur eg. Då la eg sølvplata ned på bordet først og plasserte det ferdig forma hjartet oppå. Klipte opp sølvlodd og la dei rundt mellomrommet mellom hjartet og plata, og brukte gassbrennaren og flussmiddel til det hadde lodda seg saman.

Så måtte eg sage rundt hjartet, det gjekk egentlig veldig fort, eg blei ein kløpper med den saga (kan minnest om ei baufil). Når det var gjort så måtte eg pusse slik at skøytane ikkje vistes, slik at den blei glatt og slik at den fekk litt liv. Eg brukte filar med forskjellig hardheitsgrad (veit ikkje om det er det det målest i) og sølvpapir. Når eg var ferdig med den så skulle eg lage sjølve ringen.

Då hadde eg valet mellom å lage ein ring av ei plate, eller av ein tykk tråd. Eg valte det siste, fordi fingrane mine er så pølsete at dei ikkje passar tykke ringar. Det var berre å måle kor stor eg ca trengte den og sage av ein bit. Lodde den saman og prøve den på. Eg hadde flaks der for den passa perfekt.

Ringen og hjartet skulle da loddast saman og pusses og polerest. Dette gjorde han gullsmedleraren for han sa det blei veldig varmt. Når det var ferdig så skulle eg berre legge det i zalovann og skylle den etterpå. Då var den så blank og fin.

Eg må seie at dette er den fineste ringen eg nokonsinne har sett, og då gjer eg blaffen i jantelov!


Har holdt på med ein kjole no siden begynnelsen av januar, blei endelig ferdig med den på fredag (ja, den 13. du forstår no kva som skjer?) eg måtte legge opp falden for hand fordi eg ikkje forsto korleis eg skulle brette den for blindsøm på maskina, men uansett, då eg ENDELIG var ferdig skulle eg ta den på meg, og glidelåsen sklir ut av sporet. Eg hatar usynleg glidelås i utgangspunktet, men no må eg uansett skifte den, og det blir ein synlig glidelås neste gang! ARGH!

Også er eg faktisk ferdig med dåpsbeslaget til K, endelig, det er levert til montering no, derfor ingen bilder. Og dykk som pleier å følge meg veit jo at eg eigentlig ikkje lik å legge ut bilder av noko som ikkje er ferdig, i tilfelle det aldri blir ferdig.

Kjære Helen, kva har du på pinnane no?

Jo, eg har ei monsterbukse, ein nøstebarndress, ei ull/silketrøye til meg, og no skal eg STRAKS starte på eit sjal, nermare bestemt; Petticoat spanande!