tirsdag, desember 29, 2009

Oppsamlingsmodus

Eg skal vere den fyrste til å innrømme at eg har lidd av seriøs bloggtørke. Hovudskulda må nok skulegongen ha, på slutten før jul så gjekk eg berre i svime og prøvde å komme meg igjennom dagen før ferie. Etter at ferien kom har eg opplevd korleis det er å ha overskot til å rydde, vaske, lage mat, leke og å strikke på samme dag! Eg er rysta!

Uansett, eg har fått gjort mykje siden sist eg blogga. Noko har eg gløymt å veie og andre ting har eg ikkje fått tatt bilete av, men eg tenkte å vise fram kva Kristiane fekk i julgåve!

Ho fekk Setesdalsett av oldemora si! Fantastisk dame altså! Genser, lue og votter strikke i marineblått. Og baksida er like fint som forsida, verkeleg eit nydeleg arbeide!


Haha, no blir det ein liten nedtur når eg skal vise kva eg har gjort. Hehehe, neida. Seinaste tilskot på stammen er desse lestane. Dei er no for andre gong i vaskemaskina for å bli tova, fyrste gongen vart dei for lite tova (eg har jo så små føtter). Bilete av dem ferdig kjem i ein seinare bloggpost.
Eg har brukt tilsaman 142g med Hifa 2 i kvit og sort (eg er jo på slankern). Mønsteret fann eg i eit Allers som eg kidnappa av mor mi, hugser ikkje korleis nummer, det er ifrå Sandnes Garn iallefall.

Er det ikkje gøy med handarbeidsrelaterte julegåver? Eg har aldri vore så nøgd med julegåver nokonsinne som iår (dette seier eg vel kanskje kvart år, for eg meiner det kvart år!).
Eg fekk to stofflapper i fine glafarger
Fire grønne knappar med hjerter på!

Strikkebok med massemasse strikkemønster!

Fame Trend og eit bambusgarn kjøpt i Statane. Trur det blir skjerf av sistnemnte (som er meir lilla enn blå).


Av det eg har tatt bilete av har vi Djevellua til Mina som ho fekk i julegåve. Ho vart superglad, kanskje fordi ho har ynskja seg han i snart eit år. Berre eg som gløymer så lett.
Brukte 68 gram Rauma Vamsegarn, og oppskrifta finn du her.

Ja, så var det oppgåva i "prosjekt til fordypning" som vi har på skulen. Vi fordyp oss i Strikkefaget. Oppgåva var å lage noko med vevteknikk. Eg valte å lage ei veske.

Eg trudde jo at det skulle tove meire enn det gjorde, så eg vart nødt til å klippe opp stykker til stoffdeler for å sy dei saman. Så vevde eg remsane saman og monterte det til eit lokk. Tilslutt sydde eg tungesting over alle sårkantane. Her trur eg at eg har brukt 600 gram minst, nøyaktig vekt kjem når eg har fått oppgåva tilbake (med karakter).

Det eg har laga som eg ikkje har fått tatt bilete av er eit skjørt i kordfløyel og ein bestikkoppbevaring som eg sydde til ei i julegåve. Skjørtet får eg jo snart tilbake (også med karakter), då får eg jo lagt ut bilete.

Eg hadde jo eit håp om å få 30 000 klikk før årsskiftet, og håper eg får det (sjølv om det er heller usannsynleg). Om du er nummer 30 000 så skal du få ei overrasking i posten, berre husk å ta ein screenprint av skjermbiletet sånn at eg veit at du ikkje prater usant.

Håper alle har ei fin romjul og at alt står bra til med alle saman!

mandag, november 23, 2009

Selbuvotter til julebror

Midt i julegåveproduksjonen er det IKKJE gøy å finne ut at ein mangler garn. Iallefall ikkje når garnprodusenten heiter Viking og er viden kjent for å ha STORE fargeforskjellar på partiene sine. Derfor måtte ei lita etterlysing til, og heldigvis for meg finns det engler i verda: Dati!
Ho hadde partinummer 9, eg trong partinummer 6. Då pakka dumpa i posten var eg veldig spent!

Og som dykk ser er det ikkje noko skildnad! For ein gong skuld er eg supernøgd med at Viking har klart å få to partiar så like!

Historisk fakta:
Mønster: Eit eller anna ark eg fekk ifrå sandnes fordi eit hefte eg hadde kjøpt var full av feil (eit hefte= eit ark, eg var superskuffa av det ja!)
Garn: Viking Sportsgarn, 109g i blanding av gult og sort. HEIA BODØ/GLIMT!

Morosamheit: Eg hatar mønsterane til Sandnesgarn! Kan dei ikkje sette tommelen for seg sjølv! ARGH! Aldri meire selbumønster derifrå, sjølv om det var deilig å strikke votter på pinne 3,5!
På baksida merkes det godt at eg har hatt forskjellig veg på fargetrådane, altså, på venstre hånd har eg hatt sort nøste på venstre side av meg, men på høgre bytta eg, og det synest meire enn eg hadde håpa på! Dessverre gadd eg ikkje å ta bilete av det, latskapen lenge leve!

No har eg berre 4 julegåver igjen:
Eit eller anna til Yngste lillesøster (eg prøver meg på Tine Solheim sine nattsokker ifrå "maskeball", men veit ikkje om eg klarer å få dei ferdig.
Mina ynskjer seg Lil Devil Baby Hat i vaksenstorleik, så eg lurer på om eg har noko rødt tjukt garn, om ikkje så har eg kanskje mor Aase som eg kan legge dobbelt.
Annicken ynskjer seg ei mappe ho kan legge bestikk i, om nokon veit kor eg kan finne eit lett mønster på det ville eg vert evig takksam.
Torhild skal få eit eller anna, men eg veit ikkje heilt kva ho ynskjer seg:p


Tilslutt vil eg gjerne vise ein bitteliten filmsnutt av K. Ho satt i senga og sang barnesonger då eg fann ut at eg skulle filme ho. For kvar gong eg skrudde på opptak sa eg "sånn". Morosamheita kjem når eg plutselig vel eit nytt ord, som kan feiltolkast. Eg lo iallefall godt av denne, og gjer det fortsatt.

søndag, november 01, 2009

Nattsokker til lillesøster

Lillesøster lurte på om eg kunne strikke sokker til ho, og som fantastisk storesøster kan eg jo gjere det! :)

Mønsteret er henta ifrå "strikk -en reise til indre ro". Eg brukte 128g Viking Alpaca, eit heilt nytt garn:) Veit ikkje heilt kor nøgd eg er med desse, fellinga på tåa var vangskeleg, og holrada var ulik så eg måtte hoppe over eit hol for å få silkebandet til å bli rett.

Men dei er jo fantastisk mjuke!

Tja, no må eg vel strikke til dei andre søskene mine også til jul;)

onsdag, oktober 28, 2009

Kimono

Og endeleg var 3 vekers hard og intensiv jobbing over (for denne gong).
Her er det første plagget som er DESIGNET og sydd av Helen Brekke *applaus*
Kimonoen er konstruert i primærsnitt utifra moteteikninger eg sjølv har laga.


Den har kanting på alle kanter, firkanta lomme og silkebånd med hemper.

Eg er SÅ stolt av denne!

tirsdag, oktober 20, 2009

Duk i kunststrikk

No er det offisielt, eg er ei gammel sjel i ein ung kropp. Eg har nemleg strikka ein duk i kunststrikk.Bestilte boka "kunststrikk 6" frå hobbyklubben, og eg elsker den boka. Den er skrive av ei gammel dame, som ikkje har anledning til å svare på brev, derfor har ho skrive telefonnummeret sitt i forordet:) Fantastisk dame!

I mønsteret sto det at det var ca 40g Maxi som skulle brukes. Eg kjenner meg lurt! Denne veier HEILE 15 gram! Altså ikkje eit garnslukerprosjekt!

Denne vart ferdig for vel over ei veke siden, men fordi eg måtte gjere ferdig vottene orka eg ikkje å bruke tid på å blogge det.

På søndag kom vi heim ifrå Jessheim, og der kjøpte eg meg eit Peer Gynt-selbuhefte, og to nøster. Men skuffelsen var stor då eg fann ut at det må vere feil i mønsteret:( Eg trur nok at eg må ta med meg vottane på skulen slik at strikkelæraren min kan hjelpe meg med det.

søndag, oktober 18, 2009

Selbuvotter til bursdagsfarfar!

Javisst, det var selbuvotter eg strikka. Men applaus for forslaget om rød polyesterdress! Den lo eg godt av!Eg brukte 96g hifa 2, strikket på pinne 2 og mønsteret er henta ifrå "selbustrikk" frå Rauma.


Dei blei kjempefine og mottakar blei nøgd. No må eg strikke vidare på skuleprosjektet mitt.

lørdag, oktober 10, 2009

Kva strikker eg no?

Fire knekte Harmony Woods.



Hint: Linda Eide.


Svaret kjem i neste veke, då er eg forhåpentlegvis ferdig!

Og Bitt@mi: du får ikkje lov til å svare:P

mandag, september 14, 2009

Mini blåbærpai/smuldrepai

På søndag var Annicken og eg på blåbærtur, veldig seint men vi fekk ein god del blåbær. Først trudde vi at vi berre hadde nok til nokre muffins. Det viste seg heldigvis at vi hadde nok til pai.

Annicken lurte på om eg ville bake åleine, og det vil eg jo alltid. Eg har jo så trangt kjøkken:)

Verdas raskaste dessert!
Eg elsker kokebokstativet mitt og mi nøyaktige elektroniske vekt!

Godt over 4 dl blåbær heilt på tampen av sesongen.

"Brødraspet"
225g kveitemjøl
125g smør
100g sukker

Eg pleier å hive alt i ein bolle også gnur eg det saman til det ser ut som loffsmular. Du kan bruke foodprocessor også, men denne metoden er mykje meire gøy!


Legg frukten i ein grunn ildfast form (eller som eg gjorde, i mange formar) og dryss litt sukker over (det pleier aldri eg å gjere).

Fordel brødraspblandinga over frukten, skak litt på forma og steik han i ovnen på 200*c i ca ein halv time (30 minutt altså), eller til overflata er jamnt gylden. (Om den blir litt mørkare rundt kantane skrur du berre ned varmen litt.
Og VOILA! Fantastiske mini-blåbærpaiar! Sjå røyken og kjenn nesten lukta av den.

Det tar ca 10 minutt i forberedelsar, og du kan bruke nesten kva du vil av frukt.

Denne smakar best nystekt, og er veldig mektig! Eg steikte den i 25 minuttar i mine små tupperwarepaiformar, og fekk 9 stk på denne oppskrifta.

Lukke til og skriv gjerne i kommentarfeltet om du har prøvd den eller ikkje. Den er så enkelt å lage at alle kan lage den sjølv om ein har dårleg tid!

fredag, september 11, 2009

Gråtassgenser til råtassjente

Dette blei jo for ei lita stund siden Ufoa fordi eg hadde for lite garn. No er den heldigvis ferdig og eg kan skryte av arbeidet (og takke høgare makter for at det ikkje blir nærbilde av dei grusomme maskestinga).

Då eg skulle starte på halsen heilt tilslutt så måtte eg sjekke at det såg ut som den ville bli passe rundt halsen. Eg endte opp med å sjå at halsen blei ALTFOR stor og var usekker på om eg skulle gidde å rekke opp og starte heilt pånytt.

Eg starta på halsen og fann ut at det nok ville bli akkurat passe.
Underveis måtte eg jo ha litt prøving med den sjuke råtassen min.


Her er den ferdig! Etter å ha knota med brodering av maskesting (noko eg verkeleg må lere meg ordentlig) og funnet ut at min gråtass ikkje kjem til å få augenvipper fordi eg ikkje kan hekle så er eg overlukkeleg over å ha blitt ferdig med enno eit prosjekt!

Eg brukte 283g med Falk i forskjellege fargar, og endte opp med sikkert like mykje som rester. (blir litt frustrert når eg berre trenger kvit til augnene osv).

No har eg lova meg sjøl å berre strikke til meg sjøl dei neste to prosjektene, og det skal eg. No held eg på med ein UFO ifrå ifjor, og så skal eg starte på ein Naviagenser med Hifa-garn. Det blir interessant, eg synest Navia er så mjukt, men dei hadde ikkje Navia DUO, og når det skal strikkes med dobbelt garn og på pinne 7 er det litt dyrt å skulle kjøpe Navia UNO og legge det dobbelt;)

Vel, no skal eg endeleg gå å legge meg. Eg er stuprtrøytt!

onsdag, september 09, 2009

Votter i "spire"

Gjestal har kommet med eit nytt garn "Spire", dette garnet har heilt lik strikkefastheit som Rauma Finull men SÅ mykje mjukare!
Så no veit eg kva eg skal erstatte finull med når eg strikker selbuvotter!Mønsteret til desse vottane er i det nye heftet til Gjestal som også heiter "Spire" og der var det masse fint! Og fargene til dette garnet er så vakkert! Masse fantastiske lillafargar.

Brukte berre 35gram til desse vottane, og lurer på om eg har nok garn til å strikke lua som er i samme hefte. I tillegg skal eg strikke dei tova hanskene som også er i heftet.

Kor er det eg bestiller ekstra timer til døgnet?

tirsdag, september 08, 2009

Symaskinsertifikatet

Eg fekk aldri symaskinsertifikatet då eg gjekk på barneskulen, då er det veldig flott å ha ein fantastisk lærar som tar seg tid til å lage sertifikat til oss.
For å få dette sertifikatet så må ein sy alle nyttesømmane og alle broderisømmane. Det var veldig gøy og lærerikt, samtidig er det godt å få sydd igjen uten at det kjennes som om eg ikkje får til nokon ting.




Det er jo veldig enkelt då, det er jo berre å trykke på ein knapp. Det som er rart er at det kjennes ut som om eg har lært meire om søm enn etter eit heilt år på folkehøgskule

Til jul skal vi levere ein perm med sømutførelsar, og siden at eg tydelegvis jobber raskt så har eg allereie starta.
Klyvpressing av søm

Fransk søm

Indresøm


Nedstukken søm med overlock og stikning.


Dette er kjempegøy! Eg stortrives på skulen, men skulle ønske eg kunne gå gullsmedlinja også!
No driver vi på med design av kimono, vi skal lære å konstruere mønster i primærsnitt!

mandag, september 07, 2009

Kristiane 2 år!

Eg trudde eg var ein sånn person som likte å skilje mellom hobbyblogging og familieblogging, men dette er begge delane klæsja inn i eit blogginnlegg.

16. august blei Kristiane 2 år, og eg baka og baka og baka i det heile og det store og syntes at det aldri blei nok. Men det blei det, nok i massevis.
Denne marihøneforma er kjøpt på www.hobbyhimmelen.no sjølv om det er www.cacas.no som er leverandør. Eg syntes iallefall at 100kr i porto uansett kva ein bestiller er horribelt!
Dette er ei sjokoladekake med smørkrem og heldigvis lyger bildane litt for den var meir grå og rosa enn sort og kvit.


Denne ostekaka var heilt fantastisk!
Den er laga oppned i "royal heart" frå Cacas.


Slik såg kakebordet ut


Her er den stolte toåring som syntes det var så gøy å blåse ut lys at ho berre ville gjere det om og om igjen.

Godt at det er eit år til neste gong!

søndag, september 06, 2009

No blir det ikkje fleire Kiri på ei stund





Vel, siden at mamma fekk sitt Kirisjal stjålet på kinoen så måtte den gode dottera strikke eit nytt, ikkje sant? Her har eg brukt litt over to nøster Navia Uno, nermare bestemt 114g.

Det blir det siste på ei god stund, for all del, mønsteret er enkelt å strikke men det er så keisamt og eg har så mykje på tapetet.


Under Parkenfestivalen 2009 var det mangemange med strikkaklær. Dumme meg turte ikkje å spørre mange om å få ta bilete, men her er to:
Mariusgenser med ein god del setesdalmønster.


Denne var veldig gøy! Det var flest MENN som brukte denne strikka øl-koppen.
Eg har aldri sett noko slikt før, og eg holdt på å le meg ihjel!
FANTASTISK!





Eg har vert veldig dårleg på å blogge i det siste, men eg har vert flink til å gjere ting. No skal eg sjekke kor flink eg er i denne dataverdenen å lage fleire bloggpostar og ta dei på automatisk posting. Då trur eg kanskje at eg har postar i 3 dagar eller noko.

Stay tuned!

lørdag, august 29, 2009

And the winner is...

Strikkelena!

Gratulerer! Eg får ikkje til å gå inn på din blogg, så kan du sende meg ein epost på h _ brekke @ hotmail . com ? Fjern mellomrommene:)

Random.org valgte ut nummer 12, og det var Strikkelena! Gratulerer!


Unnskuld at det har tatt nesten ei veke meir enn meininga, men skulestart og småbarnsliv er litt mykje så alt går i eitt:)

Skal blogge igjen seinere, har bittelitt å vise fram!

fredag, august 14, 2009

Ein ufrivillig UFO -UUFO-

Eg skulle i utgangspunktet strikke denne gråtassgenseren, men etter å ha plagdes veldig med mønsteret så endte eg opp med å strikke den med raglan. Ei finfin løysning. Hadde lova meg sjøl at Kristiane skulle få den til bursdagen hennar på søndag slik at ho kunne få den med i barnehagen. Og kva skjer; jo, når eg finner ut at eg treng meire garn til denne genseren enn den andre, så er dei FRI for garnet eg trenger for å fortsette. Hurra hurra liksom.

Dei skulle bestille inn, så no er det berre å håpe at fargeforskjellen ikkje er så ille. Men er det nokon snille sjeler der ute som har ein butikk som selg Dale Falk farge 6215 (mørk turkis) og partinummer 4812? Eg trenger to nøster, og er heilt desperat!

Så slik ser genseren ut no, kvelden ikveld har gått til å brodere litt maskesting (eg begynner å få teken på det no) for å få tida til å gå.Apropos tid, så føler eg at den berre renner ifrå meg. Dei siste kveldene har eg baka kanelsnurrar, skulebrød og idag satte eg gele til ostekaka og baka ei sjokoladekake som skal pyntes imårra. I tillegg skal eg bake muffins. Eg begynner å lure om eg vil at gjestene skal ete seg ihjel.

Elise (mi gode venninne og Kristianes gudmor) kjem på besøk imårra, så då får eg hjelp til vasking (det er det verste eg veit!).


Siden at eg har jobba fullt på Smykkestein den siste veka har mormor og tante sittet barnevakt, og dette fortjen dei ei lita gåve for. Så Kristiane og eg lagde armbånd til dei. Det blå ville tante ha og det grønne fekk mormor. Det er jo ikkje eit bra bilde, men den fanger faktisk fargene veldig bra!
I tillegg måtte eg lage nokre maskemarkørar til meg sjøl, desse perlene er jo heilt fantastiske! Verdas søteste maskemarkørar! Denne musikken passer bra når du ser på dette bildet.

Eg har jo som sagt garnkjøpestopp, og denne har eg opprettholdt! Eg er kjempeflink! Dette har eg FÅTT i gåve, det eineste eg betalte var porto, ergo har eg ikkje kjøpt garnet. Fått det!
Heldige meg.

Også har eg ein liten konkurranse på tampen. Alle som setter seg som følgerar av min blogg innen neste søndag er i trekninga av ein kjempefin premie! Dei som allerede er følgerar er også med i trekkinga!

Lukke til!