søndag, februar 14, 2010

Sjal og froskejente

Her er mitt første sjal av ti for 2010. Dette er svært! Mønsteret er Freya Shawl (ravelry-link), eg brukte 156 gram av Noda Junik, eit garn som skulle vore brukt til eit Johanna Maria sjal, men eg syns det vart for "enkelt" og dermed valgte eg å bruke det garnet til dette. Sjå så fint!

Dette er ei gåve, til ei spesiell dame.


Men ho skal ikkje vite at det er eg som har laga det.
Top secret!
Kristiane hadde karneval på fredag, og supermammaen hennar (altså meg) sydde eit froskekostyme. Kristiane var så stolt, og her har faren hennar tatt eit mobilbilete av ho med ansiktsmalinga intakt. Fann mønsteret i eit Alt om håndarbeide ifrå 2008, og kjøpte materialpakken rett etterpå. Hehe, vi treng ikkje prate så mykje om kvifor det tok så lang tid. Godt at eg har ei som veks sakte iallefall;)

Også har eg endeleg fått ein diagnose for skuldra, eg har fått ein tuberculum majus fraktur:


Deilig med å endeleg ha noko handfast.