søndag, januar 31, 2010

(ferdige og korrekte) Selbuvotter

Inatt gjorde eg noko eg aldri hadde trudd at eg kom til å gjere, eg strikka for harde livet til klokka var 0530 for å bli ferdig med vottene. Jaja, de gærne har det godt;)

Eg har brukt 68 gram tilsaman, det sorte garnet er hifa2 og det turkise garnet er pt2.
Mønsteret er henta ifrå Terri Shea-boka, Selbuvotter.

Angrar på ingen måte at eg rakk det opp og strikka pånytt.


Og igår sydde eg gardinger til kjøkkenet, brukte altfor lang tid, men resultatet vart iallefall veldig bra! Eg kjenner idag at eg overbelasta skuldra veldig igår, så eg skulle vel i utgongspunktet aldri gjort det. Kan kome til å slite med klesvasken idag. Stoffet kjøpte eg på Jotex, og siden eg må ha med rynkebånd og alt det der, så må eg sy dei sjølve.

Hadde eit nærare bilete av vindauget, men eg trur kanskje at naboen trudde eg tok bilete av huset deira, så det tør eg ikkje legge ut:) No trur eg at eg skal strikke sjal. Er det slik at to trådar med 2ply kan bli 5ply, eller er det 4ply?

fredag, januar 29, 2010

Møkkavott! #2

Eg har jo tidlegare fortalt om min fantastiske evne til å strikke to venstrevottar, eller to høgrevottar (alt ettersom kva mønsteret er på). Denne gongen har eg gått laaaangt bort frå det og over på "går det an å vere så uheldeg"-fasen. Eg har rett og slett gløymt 7 rader NESTEN HEILT NEDERST på votten. O'lukke! Verkeleg. Bajs.Så her blir det opprekking, men hey, eg er sjukemeldt i ei veke til (tilsaman 3 veker). Var hos fysioterapeut på tysdag og han sa "oi". Då veit du at det ikkje er bra. Var igjen hos fysio idag og klarte å trene litt, kjempeflinkHelen, no klarer eg faktisk å løfte arma til 90 grader foran og til sides! Wehei!

Og du, om du ser til høgre på skjermbiletet og det står 30 000, så må du print screen og sende meg ein epost til h(understrek)brekke(snabela)hotmail(punktum)com, for då får du fin premie i posten:)

lørdag, januar 23, 2010

Enda to djevelluar

Eg fekk bestillingar ifrå eit par på to djevelluar, og siden dei er heilt lik tok eg ikkje bilete av begge to:)
Tilsaman vart det brukt 125g vamsegarn, og denne gongen gjekk det mykje raskare å strikke dei.

No held eg på med selbuvotter ifrå Terri Shea-boka. Dei blir kjempefine:D

mandag, januar 18, 2010

Piratvottar til kule piratlillesyster

Store lille minste lillesyster blir 18 år den 31. januar! Ho er min lille "emo" og er råtøff! Og til tøffe jenter passer tøffe piratvottar! Og raudt og sort er systera mi sine fargar.Mønsteret finn du gratis her! Den treng du tilogmed ikkje å vere medlem på Ravelry for å sjå! :D
Eg brukte 68g Falk frå Dale, og ein dag på kvar vott. Det går fort.
Skuldra mi er litt betre, heldigvis er ikkje albuen øydelagt og dermed kan eg strikke litt. :D

Imorgon skal eg starte på to djevelluar, men kva skal eg gjere til den tid? Eg har ikkje garn til dei (bestilling) og dermed må eg starte på noko nytt. Eg trur det blir selbuvottar frå Terri Shea-boka. Så kan dei settjast på vent imorgon.

Når eg tenker på at systera mi blir 18, så skal jo faktisk lillebroren min konfirmerast denne våren OG den eldste lillesystra mi blir 21 dette året! Gurimalla så store dei blir, så fort! *sentimental syster*.

søndag, januar 17, 2010

Award

Eg har fått ein kreativ blogger-award ifrå Pillen! Wohooo! Heldige meg:D

Eg vart utfordra til å fortelle sju ting om meg sjølv! Etter litt tenking har eg no kommet fram til noko å fortelle.

  1. Eg har eit (ikkje fullt så hemmeleg) crush på Aksel Lund Svindal.
  2. Min beste medisin mot syllefyke er kyllingburger med ost og bacon og glasscola.
  3. Eg er særs lite glad i å rydde eller vaske, og sett meg heller ned med handarbeid istaden. Dessverre skjer dette nesten kvar gong eg skal rydde/vaske.
  4. Eg jobber på ein hobbybutikk, noko som er den beste jobben i verda!
  5. Eg liker å strikke til krim, og vurderer å ta med meg strikketøy på kino fordi eg liker å flytte oppmerksamheita mi ifrå skummel film til strikking.
  6. Eg elsker å bake, dessverre lid fryseren min av aukande bakinglyst men dalande etelyst.
  7. Eg veit enno ikkje kva eg skal gjere til hausten. Om det blir lærlingeplass som bunadstilverkar eller sylvsmedlinja i Valle.

Mine kreative bloggervenar som skal få denne er: Monica , MayM, Krøllemikkel, Elin.

No kjem siste episode i Varg Veum, så eg får ikkje skrivi fleire bloggervenar enno.

onsdag, januar 13, 2010

Lue, bunadssaum og hjelmbruk

Dette blir eit kort blogginnlegg, høgrearma mi er ikkje heilt god idag. Derfor skal eg prøve å halde det så sakleg som mogleg.Her er lua eg strikka til tanta til mormora mi, ho hadde noko garn ho ville ha lue av og spurte om eg kunne strikke ei lue til ho. Valet falt på Snappy hat (ravelry-link). Eg brukte 70 gram av dette garnet som heiter Fjorda og var ifrå Gjestal. 70% ull og 30% mohair gjer at det klør i nesa.

I prosjekt til fordyping har vi no bunadstilverkerfaget som fordypingsutdanning, og vi syr prøvelapp på nordlandsbunad. Eg fekk berre lov til å sy greinene fordi eg ikkje visste korleis bladene og rosene skal broderast. Her er iallefall den lysaste fargen.

Den lysaste og mellomgrønne farga.

Og tilslutt alle tre grønfargane på stilken.
Eg har faktisk fått utplasseringsplass på bunadsavdelinga til husfliden her i Bodø, eg skal vere der kvar tysdag etter 12 i 6 veker! WOHOO! Det kjem til å bli kjempekult!

Og tilslutt ei lita oppfordring; BRUK HJELM! Sjå kor heldig eg var som berre fikk dette synlege såret i andledet! Eg sykla litt for fort, hadde ein litt for krapp sving og sykla visstnok på nullføre (dog må det seiast at eg var ute og sjekka om det var glatt, og eg fann ut at det ikkje var det, men det var det lengre bort). Dagen idag har gjett meg ei gul og raud høgreside, ein blå venstrelegg, ei forslådd skulder som skal sjekkes om ei veke for muskulære skader (no er hevelsane for store og smertene for intense) og eit hovud som er sjeleglad for hjelmen.
Eg priser meg lukkeleg for to ting: 1. At eg gjekk inn igjen for å hente hjelmen då eg fann ut at eg hadde gløymt han. 2. At eg var åleine på sykkelen.
Det ser kanskje overfladisk ut, men eg veit at eg ikkje hadde klart det like bra uten hjelm. Brillene mine fekk seg ein god skrap også, så glasset må nok byttast ut. Klarer å skrive på dataen, men ikkje å flytte høgrehanda på dataen, hehe, eg er nok eit syn her eg sitt.

søndag, januar 10, 2010

Uten frykt for å vere ukorrekt

Eg har strikka selbuliknande sokker, faktisk så liknande at eg vel å kalle dei for "Selbusokkar". (Berre som eit lite sleivspark til Selbu Husflidslag). Mønsteret finn du i Viking sitt mønsterhefte 0907, nummer 5. I mønsteret står det at du treng 5 nøster botnfarge, og 4 nøster mønsterfarge, noko som ville gitt 450g garn. Det treng du ikkje. Eg måtte forkorte sokkane betrakteleg (fjerne ei rose) og brukte berre 197g garn. Eg veit ikkje heilt kva eg skal bruke resten på, om eg skal bytte det inn og forkorte garnlageret mitt betrakteleg, eller om eg skal bytte det til anna garn.Dette er fyrste gong eg har strikka lange sokker, så eg måtte eit par runder i opprekkingsboksen før eg fekk fellinga på leggen høveleg fin. I tillegg sleit eg med korleis eg skulle felle etter hæl, men det gjekk seg til etterkvart og resultatet vart jo nydeleg!

Her er forresten bilete av dei ferdigtova tøflene mine, dei er MYKJE brukt. Både av meg og K.

Her er alle banderolane frå garn eg brukte ifjor, eg samler på dei i tillegg til å veie alt eg strikker. Er ein nerd, så er ein nerd seier no eg.
Eg har brukt:
  • 100g Viking Alpaca
  • 350g Viking Sportsgarn
  • 600g Fritidsgarn
  • 350g Dale Falk
  • 100g Navia Uno
  • 168g Apple Pie
  • 100g Rowan 4ply soft
  • 100g Zen Silk Lace Yarn
  • 50g Vamse
  • 150g Drops Alpaca
  • 150g Artesano Hummingbird
  • 200g NZ Lammeuld
  • 50g Rubin
  • 400g Hifa2
  • 600g Trollgarn
  • Tilsaman: 3,468kg!
Om ein ser på lista til høgre så tilseier den at eg brukte 3,513kg ifjor, så det har ikkje gått mykje garn ifrå restehauger og slikt. Er nok mange halvtomme nøster. Eg tar ikkje av banderolen før nøstet er heilt brukt opp.
Her er min sinte snønissemann på ski, når den vart laga veit eg ikkje, men det må vere barnehage eller tidleg barneskule. Eg verdsatte iallefall kunstnerisk friheit på den tida.

I forrige innlegg fortalte eg at eg skulle fortelle kva eg fekk i karakter på veska eg hadde strikka. Eg fekk sterk fem på den:D