Eg vart utfordra til å fortelle sju ting om meg sjølv! Etter litt tenking har eg no kommet fram til noko å fortelle.
- Eg har eit (ikkje fullt så hemmeleg) crush på Aksel Lund Svindal.
- Min beste medisin mot syllefyke er kyllingburger med ost og bacon og glasscola.
- Eg er særs lite glad i å rydde eller vaske, og sett meg heller ned med handarbeid istaden. Dessverre skjer dette nesten kvar gong eg skal rydde/vaske.
- Eg jobber på ein hobbybutikk, noko som er den beste jobben i verda!
- Eg liker å strikke til krim, og vurderer å ta med meg strikketøy på kino fordi eg liker å flytte oppmerksamheita mi ifrå skummel film til strikking.
- Eg elsker å bake, dessverre lid fryseren min av aukande bakinglyst men dalande etelyst.
- Eg veit enno ikkje kva eg skal gjere til hausten. Om det blir lærlingeplass som bunadstilverkar eller sylvsmedlinja i Valle.
Mine kreative bloggervenar som skal få denne er: Monica , MayM, Krøllemikkel, Elin.
No kjem siste episode i Varg Veum, så eg får ikkje skrivi fleire bloggervenar enno.
4 kommentarer:
Tusen takk for award. Kjempehyggelig!
Å strikke på barnekino er veldig koselig :) Det fordrer et lettvint strikketøy - men gjør at en har noe å holde fast i når alle andre "voksne" som ser Knerten e.l. har med seg barn :p
Gratulerer med award! Og takk for at du gav den videre til meg :o) Klemmer
tusen takk skal du ha for award...koselig...skal få lage ett innlegg etter jobb,
Legg inn en kommentar