lørdag, januar 03, 2009

Last hat of 2008

Jepp, så var det eit nytt år igjen. Mykje har skjedd, og eg har vert travel småbarnsmamma i jula. Men fekk heldigvis strikka ferdig den siste lua i "Luer for huer 2008", i år skal eg vere med på vottealongen, slik at det blir litt variasjon. Lua var ferdigstrikka klokka 2345 på nyttårsaftan, så det var berre akkurat.

Neida, fakta er ikkje keisamt!
Brukte 48g av Sandnes Hauk, eg trur den er utgått, men dette var noko eg fekk av Malin, og eg likte fargen så godt. Garnet er ull og mohair så det er deilig.
Eg brukte tre dager (med skrikarunge som nektar å sove) Men det gjekk veldig fort å strikke.
Som seg hør og bør har eg rekna litt over kor mykje garn eg har brukt, både fordi eg
a) samlar på banderolar
b) veier kvar ting eg lagar
Kanskje det er litt tvangsnevrotisk, men eg synest det er gøy å ta vare på banderolane for å sjå kor mykje garn som faktisk blir brukt. Banderolen forsvinn når nøstet er ferdig, så det vil sei at om eg brukar 20 gram av eit nøste i 2007, og resten i 2008 så tar eg av banderolen i 2008. Jada, eg er sær.

Uansett; eg tok eit bilde av det før eg begynte med reknskapet.

Kanskje ikkje så mange, eg er jo ikkje av dei racerstrikkarane, men eg synest det var temmelig mykje.

17 Drops Alpakka 850g
3 Drops silkealpakka 150g
8 Mor Aase Babyull 400g
8 Gjestal babyull 400g
9 Rauma Finull 450g
6 Rauma Vamse 300g
5 New Zealand lammeuld 500g
5 Nøstebarn Merinoull 500g
3 Trysilgarn Iglo 150g
3 DSA Misti 150g
2 Kauni Effekt 300g
1 Evilla 220g
3 Viking Pure Milk 150g
4 Hifa Troll 400g
2 Blåfjell 100g
5 Viking sportsgarn 250g
5 Gjestal Østland 250g
1 Artesano Hummingbird 150g
2 Navia Uno 100g
2 Manos Del Uruguay 200g
2 Lanolingarn 200g
1 Cascade 220 100g
1 Rowan Kid Classic 50g
1 DSA 100% alpakka 50g
1 Drops Fabel 50g
1 Noro Aurora 50g
= 6470g =6,47 kg!

Ifølge reknskapet mitt her på bloggen har eg strikka opp 6,711kg! Så då har eg strikka opp meir enn banderolane.


Uansett! Eit nyttårsbilde ifrå oss, tatt klokka 00.00.
GODT NYTTÅR!

Og ja, Kristiane vann konkurransen, så no blir det bleieshopping! :D

4 kommentarer:

Unknown sa...

Gratulere med seieren...
kjekt med oppdaterin og årsregnskap... fine farger i lua...

Hobbymegher sa...

Ikke verst!! Godt Nytt År!

Anonym sa...

Så morsomt å samle på magebeltene til garnet da :) Synes du har strikket mye....

Hanne sa...

Hvor får man egentlig tak i "prøve-hode"? Ser jo at det er ypperlig når man skal fotografere luer, halser og skjerf - mange av dere har veldig fine bilder i bloggene deres!