Gaaah! Eg er glad for å vere ferdig med dette paret, no har eg strikka to par selbuvotter iløpet av denne måneden, og eg er leeeeeehei. (Eg har forresten vore på kurs med Andre Wallenborg igjen, det har eg jo gløymt å blogge og. Jaja, eg vart ikkje heilt ferdig og eg er ikkje SÅ glad i å blogge uferdige prosjekter, då må dei vere superstore og ikkje berre mangle litt handsaum som denne veska gjer). Jaja, nok om veska og tilbake til vottene.

Mønsteret er funnet i Selbuvottboka til Terri Shea, eg har brukt 92 gram av Hifa2, og dei er strikka på pinne 2.5 og ikkje 2 som det står i oppskrifta. Han som skal ha vottene heiter Kurt-Einar (haha, tog du an?) og har kjempestore hender. Derfor måtte dei bli større.
No kom eg på at eg også må blogge puta eg sydde som eksamensoppgåve. Eg fekk forresten 5 på den oppgåva og.
Igår hadde eg bursdag og eg fekk eit hespe med Manos del Uruguay silk blend i ei fantastisk nydeleg raud/fuksia/rosa/lillafarge og gåvekort på Husfliden. No må eg berre strikke opp eindel av garnet er har før eg kan kjøpe til dei to prosjektene eg sikler på.
Eg er glad det er påske, då kan eg gjere så mykje hobbyting eg berre vil og så lite husarbeid som eg vil og. Eller noko slikt.