Dette blir eit kort blogginnlegg, høgrearma mi er ikkje heilt god idag. Derfor skal eg prøve å halde det så sakleg som mogleg.

Her er lua eg strikka til tanta til mormora mi, ho hadde noko garn ho ville ha lue av og spurte om eg kunne strikke ei lue til ho. Valet falt på
Snappy hat (ravelry-link). Eg brukte 70 gram av dette garnet som heiter Fjorda og var ifrå Gjestal. 70% ull og 30% mohair gjer at det klør i nesa.

I prosjekt til fordyping har vi no bunadstilverkerfaget som fordypingsutdanning, og vi syr prøvelapp på nordlandsbunad. Eg fekk berre lov til å sy greinene fordi eg ikkje visste korleis bladene og rosene skal broderast. Her er iallefall den lysaste fargen.

Den lysaste og mellomgrønne farga.

Og tilslutt alle tre grønfargane på stilken.
Eg har faktisk fått utplasseringsplass på bunadsavdelinga til husfliden her i Bodø, eg skal vere der kvar tysdag etter 12 i 6 veker! WOHOO! Det kjem til å bli kjempekult!

Og tilslutt ei lita oppfordring; BRUK HJELM! Sjå kor heldig eg var som berre fikk dette synlege såret i andledet! Eg sykla litt for fort, hadde ein litt for krapp sving og sykla visstnok på nullføre (dog må det seiast at eg var ute og sjekka om det var glatt, og eg fann ut at det ikkje var det, men det var det lengre bort). Dagen idag har gjett meg ei gul og raud høgreside, ein blå venstrelegg, ei forslådd skulder som skal sjekkes om ei veke for muskulære skader (no er hevelsane for store og smertene for intense) og eit hovud som er sjeleglad for hjelmen.
Eg priser meg lukkeleg for to ting: 1. At eg gjekk inn igjen for å hente hjelmen då eg fann ut at eg hadde gløymt han. 2. At eg var åleine på sykkelen.
Det ser kanskje overfladisk ut, men eg veit at eg ikkje hadde klart det like bra uten hjelm. Brillene mine fekk seg ein god skrap også, så glasset må nok byttast ut. Klarer å skrive på dataen, men ikkje å flytte høgrehanda på dataen, hehe, eg er nok eit syn her eg sitt.