No er det offisielt, eg er ei gammel sjel i ein ung kropp. Eg har nemleg strikka ein duk i kunststrikk.
Bestilte boka "kunststrikk 6" frå hobbyklubben, og eg elsker den boka. Den er skrive av ei gammel dame, som ikkje har anledning til å svare på brev, derfor har ho skrive telefonnummeret sitt i forordet:) Fantastisk dame!
I mønsteret sto det at det var ca 40g Maxi som skulle brukes. Eg kjenner meg lurt! Denne veier HEILE 15 gram! Altså ikkje eit garnslukerprosjekt!
Denne vart ferdig for vel over ei veke siden, men fordi eg måtte gjere ferdig vottene orka eg ikkje å bruke tid på å blogge det.
På søndag kom vi heim ifrå Jessheim, og der kjøpte eg meg eit Peer Gynt-selbuhefte, og to nøster. Men skuffelsen var stor då eg fann ut at det må vere feil i mønsteret:( Eg trur nok at eg må ta med meg vottane på skulen slik at strikkelæraren min kan hjelpe meg med det.