Eg skulle i utgangspunktet strikke
denne gråtassgenseren, men etter å ha plagdes veldig med mønsteret så endte eg opp med å strikke den med raglan. Ei finfin løysning. Hadde lova meg sjøl at Kristiane skulle få den til bursdagen hennar på søndag slik at ho kunne få den med i barnehagen. Og kva skjer; jo, når eg finner ut at eg treng meire garn til denne genseren enn den andre, så er dei FRI for garnet eg trenger for å fortsette. Hurra hurra liksom.
Dei skulle bestille inn, så no er det berre å håpe at fargeforskjellen ikkje er så ille. Men er det nokon snille sjeler der ute som har ein butikk som selg Dale Falk farge 6215 (mørk turkis) og partinummer 4812? Eg trenger to nøster, og er heilt desperat!
Så slik ser genseren ut no, kvelden ikveld har gått til å brodere litt maskesting (eg begynner å få teken på det no) for å få tida til å gå.
Apropos tid, så føler eg at den berre renner ifrå meg. Dei siste kveldene har eg baka kanelsnurrar, skulebrød og idag satte eg gele til ostekaka og baka ei sjokoladekake som skal pyntes imårra. I tillegg skal eg bake muffins. Eg begynner å lure om eg vil at gjestene skal ete seg ihjel.
Elise (mi gode venninne og Kristianes gudmor) kjem på besøk imårra, så då får eg hjelp til vasking (det er det verste eg veit!).
Siden at eg har jobba fullt på Smykkestein den siste veka har mormor og tante sittet barnevakt, og dette fortjen dei ei lita gåve for. Så Kristiane og eg lagde armbånd til dei. Det blå ville tante ha og det grønne fekk mormor. Det er jo ikkje eit bra bilde, men den fanger faktisk fargene veldig bra!
I tillegg måtte eg lage nokre maskemarkørar til meg sjøl, desse perlene er jo heilt fantastiske! Verdas søteste maskemarkørar!
Denne musikken passer bra når du ser på dette bildet.Eg har jo som sagt garnkjøpestopp, og denne har eg opprettholdt! Eg er kjempeflink! Dette har eg FÅTT i gåve, det eineste eg betalte var porto, ergo har eg ikkje kjøpt garnet. Fått det!
Heldige meg.
Også har eg ein liten konkurranse på tampen. Alle som setter seg som følgerar av min blogg innen neste søndag er i trekninga av ein kjempefin premie! Dei som allerede er følgerar er også med i trekkinga!
Lukke til!