Eg liker kjøkkenet mitt, og fann derfor ut at eg skulle blogge om det.
Eg har kanskje ikkje så stort kjøkken, men eg liker det veldig godt! Masse skapplass, utslagsvask og vanleg vask er jo heilt supert! I tillegg liker eg det maritime preget det har.
(sjøl om det kan gje litt vanskeligheiter når det kjem til fargeendringar)
(sjøl om det kan gje litt vanskeligheiter når det kjem til fargeendringar)
Sjøl om det kanskje er litt rotete innimellom så liker eg å ha litt stålkontroll på ting, så her er alt krydderet mitt alfabetisert og satt på rad og rekke:) Alt er santa maria ja!
Eg må finne noko som kan fungere som benkeplate og som held oppvaskmaskina stabil.
Kjøpte den brukt til 1500 og er supernøgd! Eg vil gifte meg med han som oppfann vaskemaskina.
I det siste har eg begynt å like å lage mat, eg har kjøpt inn masse kokebøker og har gått inn med friskt mot. Matbudsjettet har gått litt opp, men magamålet har gått ned så då er eg nøgd!
Så her om dagen hadde eg sushi, eg elsker sushi. Kjøpte ein sånn ferdigpakke som ein skal lage sjøl, men det kosta jo nesten like mykje som å kjøpe på restaurant, så neste gong skal eg prøve sjøl!
Idag hadde vi spelttaco til middag, kjøttdeig blanda med heile speltkorn! Fy flate det var godt!
Oppskrifta er henta ifrå boka "GI-oppskrifter for hele familien" ei bok eg vil anbefale.
Oppskrifta er henta ifrå boka "GI-oppskrifter for hele familien" ei bok eg vil anbefale.
Og det synest kanskje på fruktskåla at eg skal bake banan og limekake imårra?
Den oppskrifta har eg i boka som heiter "Lag på lag":)
Jepp, litt strikking blir det til. Eg held på med Butterfly Wings og skal vere ferdig til fredag *hyl*.
Så då er det berre å slutte å blogge og fortsette å strikke!