lørdag, august 29, 2009

And the winner is...

Strikkelena!

Gratulerer! Eg får ikkje til å gå inn på din blogg, så kan du sende meg ein epost på h _ brekke @ hotmail . com ? Fjern mellomrommene:)

Random.org valgte ut nummer 12, og det var Strikkelena! Gratulerer!


Unnskuld at det har tatt nesten ei veke meir enn meininga, men skulestart og småbarnsliv er litt mykje så alt går i eitt:)

Skal blogge igjen seinere, har bittelitt å vise fram!

fredag, august 14, 2009

Ein ufrivillig UFO -UUFO-

Eg skulle i utgangspunktet strikke denne gråtassgenseren, men etter å ha plagdes veldig med mønsteret så endte eg opp med å strikke den med raglan. Ei finfin løysning. Hadde lova meg sjøl at Kristiane skulle få den til bursdagen hennar på søndag slik at ho kunne få den med i barnehagen. Og kva skjer; jo, når eg finner ut at eg treng meire garn til denne genseren enn den andre, så er dei FRI for garnet eg trenger for å fortsette. Hurra hurra liksom.

Dei skulle bestille inn, så no er det berre å håpe at fargeforskjellen ikkje er så ille. Men er det nokon snille sjeler der ute som har ein butikk som selg Dale Falk farge 6215 (mørk turkis) og partinummer 4812? Eg trenger to nøster, og er heilt desperat!

Så slik ser genseren ut no, kvelden ikveld har gått til å brodere litt maskesting (eg begynner å få teken på det no) for å få tida til å gå.Apropos tid, så føler eg at den berre renner ifrå meg. Dei siste kveldene har eg baka kanelsnurrar, skulebrød og idag satte eg gele til ostekaka og baka ei sjokoladekake som skal pyntes imårra. I tillegg skal eg bake muffins. Eg begynner å lure om eg vil at gjestene skal ete seg ihjel.

Elise (mi gode venninne og Kristianes gudmor) kjem på besøk imårra, så då får eg hjelp til vasking (det er det verste eg veit!).


Siden at eg har jobba fullt på Smykkestein den siste veka har mormor og tante sittet barnevakt, og dette fortjen dei ei lita gåve for. Så Kristiane og eg lagde armbånd til dei. Det blå ville tante ha og det grønne fekk mormor. Det er jo ikkje eit bra bilde, men den fanger faktisk fargene veldig bra!
I tillegg måtte eg lage nokre maskemarkørar til meg sjøl, desse perlene er jo heilt fantastiske! Verdas søteste maskemarkørar! Denne musikken passer bra når du ser på dette bildet.

Eg har jo som sagt garnkjøpestopp, og denne har eg opprettholdt! Eg er kjempeflink! Dette har eg FÅTT i gåve, det eineste eg betalte var porto, ergo har eg ikkje kjøpt garnet. Fått det!
Heldige meg.

Også har eg ein liten konkurranse på tampen. Alle som setter seg som følgerar av min blogg innen neste søndag er i trekninga av ein kjempefin premie! Dei som allerede er følgerar er også med i trekkinga!

Lukke til!

lørdag, august 08, 2009

To UFOar som plutseleg blei to FOar

Endeleg blei eg ferdig med Pinneguris latviske votter! Eg blei faktisk ferdig med dei for lenge lenge siden, men modemet fant ut at det ikkje ville fungere meire så eg fekk ikkje lagt det inn før vi dro på ferie! Eg er kjempenøgd med resultatet og dei blei MYKJE finere enn dei eg hadde strikke først!

Mønsteret finner du her (ravelrylink)
Eg brukte 59g Sandnes Lanett i lilla, raud, grøn, blå, sort og kvit.
Kjempefint resultat!

Denne duken starta eg med i april ein gong, eg tok den med meg på tur til Jessheim då og hadde store planer om å brodere den ferdig med ein gong eg kom heim. Det skjedde da ikkje.
Så då eg dro til Jessheim denne gongen så lovte eg meg sjøl at denne SKULLE vere ferdig til Kristianes 2-årsdag, for å gjere det måtte eg brodere ei blome kvar dag. Plutseleg hadde eg brodert to blomer på ein dag, og dette gjekk fortere enn først trudd!

Duken er ein spesialduk med eit broderingsfelt, den er ifrå Rico og koster 330kr. Eg trengte berre 10 dokker tilsaman, ei av kvar farge, og det blei ein god del restar! Så duken blei ikkje så dyr som eg først trudde, og den blei veldig dekorativ! Mønsteret fann eg i "Cross stitch crazy" nummer 102, i 2007, så denne har vert i tankene mine veldig lenge:)

Imorgon er det ei veke til K blir to år, og eg kjem til å gå bananas med kakebakinga! Så stikk innom her etter søndag og sjå på alle kakene eg bakte:)

No må eg løpe, for eg må strikke på Gråtassgenseren som K skal få av meg.

mandag, juli 06, 2009

Pinneguris latviske votter, for andre gong

Eg lovte jo i forrige innlegg å fortsette på disse vottene igjen, vottene er kjempeenkle å strikke og eineste årsaka til at eg ikkje har gjort dei ferdig er at eg ikkje syntes eg fekk vott nummer ein fin nok. Så eg fortsatte berre å strikke på dei, og ser at eg strikker jo MYKJE finere no enn eg gjorde i januar 2008 *fnis*
Etter ei stund forsto eg at eg strikka heilt annleis, som ein kan sjå på bildet under her så er det nesten ein cm forskjell heilt øverst på votten.


Først tenkte eg på å skulde på pinnene eg brukte før.
Men så innsåg eg vel at det var berre ein ting å gjere...

...rekke alt opp igjen. Eg har kanskje blitt litt nøye no i det siste.

Disse går kjemperaskt å strikke! Etter to dager er eg nesten ferdig med ein vott og eg gleder meg til å bli heilt ferdig. Då har eg berre to ufoar igjen, fisketeppet og ein brodert duk.
(jada, eg har kasta ein mohairgenserUFO *grøss*)
Mønsteret på desse fantastiske vottene kan du fixe deg her (ravelry-link).

Ja, også lurar eg på nokonting; eg begynte på ein fanagenser i 2002. Kaste eller behalde? eg finner ikkje garnet att, men trur nok at eg skal finne det i butikken. Bolen er strikka ferdig (i storlek 6 år, om det ikkje var 4 eller 2, eg hugser ikkje) men mønsteret er borte.

Kva syns dykk? Eg helder litt på å berre kaste den, men hugser jo kor mykje tid eg brukte på den, det er jo den første genseren eg nokon sinne prøvde å strikke.

Ja, og mamma blei kjempeglad for sjalet i gåve:)

fredag, juli 03, 2009

Uglesokkar!

Eg kjenner allereie no at det blir lenge til neste gong eg skal strikke sokkar med forskjellige farger, ikkje fordi det er vanskelig eller noko slikt, heller fordi det er så keisamt å strikke to av samme ting med ein gong. Det blir liksom ikkje komplett med ein sokk:) Kanskje det blir sokkar i mønsterstrikk plutselig. Eg får sjå. Gensarar freistar så mykje meire!
Desse har eg brukt 79g garn på, det grønne garnet er Indigo Moon Superwash Merino (ravelry-link) og det kvite garnet er ymse kvitt garn eg fann i restelageret mitt. Mønsteret eg har brukt heiter Owlsocks (også ravelry-link).

Siden at June skal få desse av meg, så måtte eg stappe dei med papir i tåa. Ho bruker størrelse 39 og eg er ein 37. Haha, fyrste gong eg har stappa beina mine for å få dei til å virke større. Og eg som trudde at bomull i bhen var det som var mest populært.
Hehe, K ville sjå på når eg tok bildet, så det er småtærne hennar dykk ser:)

Dette er baksida av sokkene, dei har mønster av uglene både foran og bak rundt leggen.

Og slik ser dei ut når dei ligger (nesten) flatt etter dampinga.

Eg veit ikkje om det var det beste å strikke dei i flerfarga bunnfarge, men eg synest garnet er så nydeleg at eg bryr meg ikkje så mykje. Synest dei uansett blei veldig fine og håper mottakar blir glad for dei. Ho får dei som takk for å ha kjøpt mønsteret til meg.

Her kjem litt actionbilder av sjalene mine, men eg er FORTSATT ikkje fått veid det siste!
Eg tenker på at eg må gjere det heile tida, også gløymer eg det! Er det mogleg liksom?
Jaja, det skal pakkes opp på søndag og håper at mottaker (mamma) blir glad for det.
Også er eg glad for at mamma har ferie slik at ho ikkje kan sjekke bloggen min for å finne ut kva ho skal få i bursdagsgåve.


Ikkje alltid like lett å posere vakkert når det er mange småtroll som løper rundt beina på ein.

mandag, juni 29, 2009

Løftebrudd!


Haha, og eg som sa at eg ikkje skulle kjøpe garn før i august.
Velvel, mamma skulle kvitte seg med alle allersene ho har abonnert på ei god stund, så eg skulle berre ta meg ein snikerunde for å finne ut om det var noko eg ville lage. Fann oppskrift på Gråtassgenser i NYDELIG blåfargar og falt heilt pladask for genseren uten raglan. No må eg berre finne ut korleis eg monterar på ein fin måte:)

Og mens eg var der så fann eg jo samtidig eit "akvariet"-hefte også frå Dalegarn med massemasse fine gensarar i. Jaja, K blir iallefall ikkje genserlaus med det første:)

Men no skal eg sette meg på verandaen med sokkestrikkinga mi.

søndag, juni 28, 2009

Diamond and roses shawl

Det er vel slikt som med alle andre ting, at ein gløymer det av sjøl om ein har tenkt på det heile tida. Så: eg gløymte å veie sjalet for å finne ut kor mykje det veier. Plutselig hadde eg skylt det opp og var midt oppi blokkinga av det. Typisk.




Både garn og mønster har eg fått via Projos sjalklubb.
Men du kan kjøpe mønsteret her
Eg hadde eigentleg tenkt å melde meg ut, eller, eg gjorde det faktisk, men så ombestemte eg meg og valgte og fortsette.

Eg har brukt eit garn som heiter Apple Pie som er eit sammensurium av mohair, ull, silke og nylon. Alltid gøy å prøve noko nytt.

Og eg må nok seie at eg gler meg til å kunne kjøpe sjalblokkarar, for å spenne det opp slikt ser jo berre urmongo ut. Men men, betre enn ingenting.



No har eg berre nokre få ting igjen å gjere, og med garnkjøpestopp fram til august så kan eg slite pittelitt. Trur eg kanskje må bryte løftet mitt for å få strikka bursdagsgåve til K i august.

Eg skal aller først strikke ferdig ein sokk, så skal eg begynne på UFOane mine:
1. Pinneguris latviske votter
Desse er jo nydelege, men eg har rett og slett gløymt dei i ein kurv. Trur det var fordi eg ikkje blei nøgd med lengda på den aller første, så eg blir nok til å rekke opp begge to og strikke dei heilt pånytt.
2. Brodert sumarduk
Dette er ein duk eg starta på i april, synest den er veldig vakker men det har liksom berre blitt littegranne brodering heile tida. No skal den gjeres ferdig, og det er jo betre for svette fingre å brodere enn å strikke i ull.

Har du tenkt å gjere UFOar ferdig i sumar eller vil du berre sjå etter UFOar på himmelen?

tirsdag, juni 23, 2009

Sykkeltur til Reine i Lofoten

Først må eg berre få advare at dette er MINIMALT med hobbyrelatert, det er veldig skryterelatert berre:)

På torsdag fann eg ut at K og eg skulle sykle til lofoten på fredag. Vi ringte og bestilte rorbu, og var meget spente på korleis det ville bli. Vi valgte å ta ferga over til Moskenes, sykle fra Moskenes til Reine og bu på Reine Robuer.

Her kjem bilderas frå turen vår.Kristiane på båten med landegode såvidt i bakgrunnen.

Her er bilder av Reine tatt ifrå rorbuanlegget, og det er heilt fantastisk der!
Desse to bildene er tatt klokka 22!


Kristiane og eg på sykkeltur laurdagen, vi dro til Sakrisøy som ligg ca 4km frå Reine.

Sjå kor nydeleg!

Vi var på eit dukkemmuseum på Sakrisøy, noko Kristiane synest var kjempegøy! Heilt til ho fann ut at ho ikkje fekk leke med dukkene. Då blei det ikkje så gøy og vi dro for å ete fiskeburger over veien.



Det var ein kattepus som K blei heilt forelska i, og idag spurte ho om ho kunne få ei. Ho går rundt og seier "dattapus".

Fine K poserer foran brygga, heldigvis for meg slapp eg å vere bekymra for barn+vann =ulukke, for ho gjekk ikkje i nærleika!

Her er rorbuanlegget sett ifrå baksida.

Strike a pose!

Her er klokka 0830 og vi er på veg tilbake til Moskenes for å ta ferga heim igjen. Bak ser dykk rorbua vi budde i, Ane og Elvine, kan verkeleg anbefales!

Eg synest det var litt dyrt å bu der, men var verkeleg verdt det. Neste gong så har vi kjøpt telt for å sove i, dette var jo berre ein testtur.


Ja, og så må eg jo skryte litt av karakterene mine, eg er kjempenøgd!

Engelsk 5
Mattematikk 5
Produksjon 5
Prosjekt til fordypning 5
Kvalitet og dokumentasjon 5
Visuelle kunstfag 4
Gym 3

Og eg hugser det var ei som lurte på kva eg gjekk, og eg går førsteåret vgs Design og Handverk.

Kven seier at åleinemødre ikkje kan gjere det bra på skulen? Sjøl om overskotet har vert lavt på slutten så ser eg jo no at det har lønna seg!

Lite strikking blei det i helga, men eg fekk strikka bittelitt ute på laurdag på verdas strikk-i-offentligheita-dag. Så sokkene er halvveis og sjalet er litt over halvveis.

Men no må eg ringe tante for ho må kanskje låne sjalet eg strikka til eit bryllup ho har i helga!

tirsdag, juni 16, 2009

Karaktert på sjalet!

Hugser du dette sjalet? Vel, igår fekk eg karakter på det.I tilfelle du ser litt dårleg, så skriver eg det veldig stort:)

Eg fekk:

6

Det vil seie

SEKS

HIPP HIPP HURRA FOR MEG!


søndag, juni 07, 2009

3-topps strikketur!

Bodø og Omegns turistforening har idag arrangert 3- og 7-toppstur for 5. året på rad! Idag blei det ny rekord med over 4.400 deltakerar! Applaus for Bodøfolk!

Siden at mamma går eindel saktere enn meg, så blei det eindel venting på meg, og då var det jo bra at eg tok med meg sokkestrikkinga mi!

Her sitter eg på Linken, 135moh. Topp 1.Her sitter eg på Keiservarden 366moh Topp 2.

Her sitter eg på Ramnflåget, 160moh. Topp 3.

Neste år skal eg prøve meg på 7 topper, om ikkje K blir med. Var ein fantastisk tur som eg brukte i underkant av 4 timer på. Turen gjekk over 10.8km.
Bilde frå Keiservarden kor ein ser over til Linken.
Fine kvitveis.

Skivika sett frå Keiservarden

Utsikt frå Keiservarden.


Fine lilla blomster!

Byen vårres!

Sjekk denne fantastiske hagen eg gjekk forbi på slutten av turen! Ein trollhage.


Imårra skal eg utplasseres hos ein møbeltapetserar, så eg må gå og legge meg:)