tirsdag, mars 31, 2009

Smykker, skulearbeid og flotte barn!

Etter at eg begynte på skulen så har eg ikkje gjort noko handarbeid heime. Eg føler at eg får mitt daglige hobbyinntak og i tillegg er eg så fantastisk sliten når K er i seng og dagen er over at eg ikkje orker å tenke meir med høgre hjernehalvdel (fnis).

No har vi iallefall smykkeprosjekt på skulen, kor eg har valgt å lage smykker til bryllup. Det viktigste var at det ikkje blei "perler på ei snor" og her er iallefall dei eg skal levere inn:

Armbånd med perlemorsperler og blomster som eg har satt perler inni.
Allereie tre jenter i klassen som har blitt heilt vill etter dette sukkersøte smykket.

Hårbøyle med glassperler i blank og raud.
Dette var eigentleg min hovedidè, men etter at eg var ferdig med denne hadde eg fortsatt fleire timer igjen. Denne tok si tid. Eg har brukt ein "fletteteknikk" med tre tråder. Dette måtte då limes på ei hårbøyle, og det var vanskelig. Først trudde eg at eg hadde satt den på midten, men det blei heile 8mm forskjell på kvar side, så då måtte eg ta det av og fjerne limpistollimet ifrå hårbøyla.
Då eg endelig fekk det til så røyk første snora eg brukte, det siste no er nylontråd og det burde berre halde!

Så her er det som blir "hovedproduktet" eit "fletta" smykke.
Eg fann idèen på eit smykke eg har ifrå før av, og videreført litt av den teknikken. Kanskje det ikkje synest så godt men det er blanke blomar rundt omkring imellom hjertane.

Her ser du korleis det ser ut på baksida. Det måtte fire trådar til og MASSE tålmod!
Skal seie at eg var veldig sliten i hovudet då eg var ferdig med dette, den som trur at kunstneriske og praktiske fag er superlett har verkeleg ikkje prøvd det!
Ja, også ein liten oppdatering på heimefronten. K har tatt etter mor si! Så no veit dykk iallefall kven som kan hjelpe til for å få oppdatert bloggen.
Her er iallefall gulvet etter at K hadde vert kunstnerisk på den.

Heldigvis hadde eg sånn vaskbar tusj, så teikninga er foreviget her men borte i verkelegheita.

4 kommentarer:

HanneJ sa...

Så fin tegning hun har laget, hvor har hun fått tusjene fra?

Anonym sa...

Så fine smykker.

Hva slags skole er det du går?

Magaki sa...

For en fin tegning :)

God påske!

nragnhild sa...

Så fine smykker! Smeltet helt av armbåndet jeg da, det var fullstendig, absolutt nydelig! :)

God påske! :)