søndag, juni 07, 2009

3-topps strikketur!

Bodø og Omegns turistforening har idag arrangert 3- og 7-toppstur for 5. året på rad! Idag blei det ny rekord med over 4.400 deltakerar! Applaus for Bodøfolk!

Siden at mamma går eindel saktere enn meg, så blei det eindel venting på meg, og då var det jo bra at eg tok med meg sokkestrikkinga mi!

Her sitter eg på Linken, 135moh. Topp 1.Her sitter eg på Keiservarden 366moh Topp 2.

Her sitter eg på Ramnflåget, 160moh. Topp 3.

Neste år skal eg prøve meg på 7 topper, om ikkje K blir med. Var ein fantastisk tur som eg brukte i underkant av 4 timer på. Turen gjekk over 10.8km.
Bilde frå Keiservarden kor ein ser over til Linken.
Fine kvitveis.

Skivika sett frå Keiservarden

Utsikt frå Keiservarden.


Fine lilla blomster!

Byen vårres!

Sjekk denne fantastiske hagen eg gjekk forbi på slutten av turen! Ein trollhage.


Imårra skal eg utplasseres hos ein møbeltapetserar, så eg må gå og legge meg:)

lørdag, juni 06, 2009

Restultatet av Banan- og limekaka

Som eg fortalte her om dagen, så baka eg banan- og limekake, den blei ganske god. Men ikkje sånn jubelgod type "hurra, denne må eg lage igjen" og eg trur at grunnen til det var at den var såpass "vanskeleg" å lage. Tre bunner, forskjellig type fyll osv. Og så hadde eg kanskje litt for mykje limesaft oppi, så den blei litt bitter. Oppskrifta var dessuten til 12 personer, så eg har litt under ei halv kake som står i kjøleskapet og skal kastes idag, fordi den ikkje har blitt spist opp:(

Fnis. Margrethe ville at eg skulle blogge resultatet, så derfor gjer eg det:)

fredag, juni 05, 2009

Butterfly Wings

Eg veit ikkje kor mange gonger eg har hatt saksa i nærleiken og nesten klipt det opp, eller kor mange gonger eg har hatt ein lighter i nærleiken og nesten tent på. Men no er det iallefall ferdig:)

Dette er det som blei min sjølvalgte oppgåve i Design og Handverk. Eit sjal!

Slik såg det ut før eg blokka det, og seinere kjem nærbilder av det når det heng på tavla på skulen. Eg har då altså strikka Butterfly Wings i garnet Zen (ravelry-link). I begynnelsen var garnet ganske rart, eg liker jo ikkje å strikke med bomull eingong, men på slutten kjente eg ikkje noko til at det var rart. Eg blei vel berre vant med det.

EDIT: Eg må vel få presisere ein gong til at det ikkje er bomullsgarn, men eit garn som er blanding av silke og sjøgress(?) eg har brukt. Har fått fleire kommentarer på det, og det er altså berre eg som kun liker å strikke med ull og dermed blir alt anna rart å strikke med. Men dette gjekk bra etter ei stund.

Brukte litt over 100g, blei tom for garn då eg hadde fellinga igjen.






Og ja, nemnte eg at eg strikka sjalet på ca 2 veker? :D

No har eg fått igjen karakter for Smykkeoppgåva og spikkeoppgåva, og fekk akkurat det samme på dei. 5 på produktet og 5- på rapportane. Supernøgd! :)

lørdag, mai 30, 2009

Mest om mat, minst om strikking

Eg liker kjøkkenet mitt, og fann derfor ut at eg skulle blogge om det.


Eg har kanskje ikkje så stort kjøkken, men eg liker det veldig godt! Masse skapplass, utslagsvask og vanleg vask er jo heilt supert! I tillegg liker eg det maritime preget det har.
(sjøl om det kan gje litt vanskeligheiter når det kjem til fargeendringar)


Sjøl om det kanskje er litt rotete innimellom så liker eg å ha litt stålkontroll på ting, så her er alt krydderet mitt alfabetisert og satt på rad og rekke:) Alt er santa maria ja!

På kjøleskapet heng månedsmenyen (ja, så flink er eg!) og hendene til K.

Eg må finne noko som kan fungere som benkeplate og som held oppvaskmaskina stabil.
Kjøpte den brukt til 1500 og er supernøgd! Eg vil gifte meg med han som oppfann vaskemaskina.

I det siste har eg begynt å like å lage mat, eg har kjøpt inn masse kokebøker og har gått inn med friskt mot. Matbudsjettet har gått litt opp, men magamålet har gått ned så då er eg nøgd!

Så her om dagen hadde eg sushi, eg elsker sushi. Kjøpte ein sånn ferdigpakke som ein skal lage sjøl, men det kosta jo nesten like mykje som å kjøpe på restaurant, så neste gong skal eg prøve sjøl!

Idag hadde vi spelttaco til middag, kjøttdeig blanda med heile speltkorn! Fy flate det var godt!
Oppskrifta er henta ifrå boka "GI-oppskrifter for hele familien" ei bok eg vil anbefale.

Og det synest kanskje på fruktskåla at eg skal bake banan og limekake imårra?
Den oppskrifta har eg i boka som heiter "Lag på lag":)

Jepp, litt strikking blir det til. Eg held på med Butterfly Wings og skal vere ferdig til fredag *hyl*.
Så då er det berre å slutte å blogge og fortsette å strikke!
Blogg om kjøkkenet ditt du og, og legg linken her! Takk takk

mandag, mai 18, 2009

Ville berre...

...seie at eg håper alle hadde ei fin 17. maifeiring. Her er nokre bilder ifrå min familie og vår feiring.


Her er min familie, verdas vakreste dotter (heilt objektivt altså)

Ikkje meininga å sjå skikkelig sur ut her altså, men mykje sol blanda med altfor mykje folk og stress = mysing. Stakkar K ser ut som ho svimer av.

K åt alt ho kom over den dagen. Og ho legg nesten ikkje på seg, det er nokon som har det.
Fnis.



torsdag, mai 14, 2009

Fritidsgarnkjole

Sånn, då var denne kjolen ferdig. Heile 625g med garn gjekk med, 25g mindre enn i oppskrifta og allikavell blei den altfor stor! Eg kunne med hell strikka den i godt over ein storleik mindre, for det er godt over 10cm for stor på kvar side av hoftene. Og eg har ikkje akkurat knøttehoftar.




Slik ser den ut på meg, den ser kanskje ikkje så stor ut men den er heilt vanvittig stor. Forøvrig ville eg ha 3/4 arm, og eg fekk det nesten. Nokon som har erfaring med å tove den?
Kjolen blei jo fantastisk nydeleg, men den kunne med fordel vert både mindre i storleik og meir figurnær. Og eg har faktisk fulgt strikkefasheita! Merkeleg. Eg mistenker bildet i heftet til å vere full av klesklypar på ryggen.

Q: Tove eller ikkje? 35 grader eller 40?

No er det straks sjølvvalgt oppgåve på skulen, og eg skal strikke sjal! Hipp hipp hurra! No har vi keramikk, det er også ganske gøy. Eg har laga notekopp.

torsdag, mai 07, 2009

Ete-mat-i-full-fart-skje

Jepp, på skulen har vi hatt trearbeidoppgåve, nærmare bestemt SPIKKING! Gøygøygøy! Eg hadde i utgongspunktet tenkt å lage ein kniv, men siden at sløyddetaljer er så usannsynleg effektive (ironi, sant?) så fekk eg ikkje varene før eg var ferdig med skjea. Så dei blir sendt i retur, gitt.
På dette vakre bilder huler eg ut skåla i skjea.
Her pusser eg ho litt

Og slik ser ho ut etter at ho er blitt smurt med linolje

Eg valgte å følge forma etter treet eg sjøl saga i skogen

Og her kjem den kule forma til si rett.
Så neste gong eg skal kappete med trollet, så skal eg hugse å ta med meg denne skjea. Eg trur eg vinn då, kanskje eg skulle laga ein kniv som trollet kan skjære opp magen sin med i tillegg?

Og ja, i helga som var strikka eg to ermer og 30cm på ein kjole, og denne helga er K i Oslo saman med pappaen sin, så då blir det vel enno meir strikking. Etter husarbeidet, sjølsagt. *host host*

Ha ein fin dag!