søndag, april 04, 2010

Bellas votter

Etter å ha hatt Bittami i butikken min ein dag, vart eg så inspirert at eg også ville strikke Bellas votter! Eg brukte 147 gram Bris (strikka dobbelt på pinne 5). Fekk eit nøste av KnitGirlinNorway, men måtte dessverre kjøpe 3 til (klarte å strikke alt utanom siste tommelen på tre nøster, ganske kjipt!)
Pga helligdagar måtte eg vente til idag med å få det ferdig, men eg brukte altså to kveldar på å strikke dem. Mønster finn du her: Renate Alice har vore så snill å oversette til norsk.

Ganske fine ikkje sant?

Og eg har, i eit augenblink av galskap, bestemt meg for å strikke selekjole til K, i Setesdalstrikk! Pinne 2.5, 376 maskar og 44 dagar å gjere det på. Gale gale damen.

Beklager snudd bilete, men dykk ser kor langt eg har kome etter TRE dagar. Herligheit, dette kjem til å ta laaaaaaaang tid. Så eg treng all heiinga eg kan få!


Til slutt ein liten Kristianehistorie:
Kristiane ser ein baby blir amma og seier: "Se mamma, den babyen der får pupp! Du finn ikke puppan dine mamma, di e heilt ødelagt!"

Så joda, dette booster jo sjølvtilliten til ein singelmamma. Haha