mandag, mars 29, 2010

No kan eg innrømme at eg er møkklei selbuvotter (for ein periode)

Gaaah! Eg er glad for å vere ferdig med dette paret, no har eg strikka to par selbuvotter iløpet av denne måneden, og eg er leeeeeehei. (Eg har forresten vore på kurs med Andre Wallenborg igjen, det har eg jo gløymt å blogge og. Jaja, eg vart ikkje heilt ferdig og eg er ikkje SÅ glad i å blogge uferdige prosjekter, då må dei vere superstore og ikkje berre mangle litt handsaum som denne veska gjer). Jaja, nok om veska og tilbake til vottene.Mønsteret er funnet i Selbuvottboka til Terri Shea, eg har brukt 92 gram av Hifa2, og dei er strikka på pinne 2.5 og ikkje 2 som det står i oppskrifta. Han som skal ha vottene heiter Kurt-Einar (haha, tog du an?) og har kjempestore hender. Derfor måtte dei bli større.

No kom eg på at eg også må blogge puta eg sydde som eksamensoppgåve. Eg fekk forresten 5 på den oppgåva og.

Igår hadde eg bursdag og eg fekk eit hespe med Manos del Uruguay silk blend i ei fantastisk nydeleg raud/fuksia/rosa/lillafarge og gåvekort på Husfliden. No må eg berre strikke opp eindel av garnet er har før eg kan kjøpe til dei to prosjektene eg sikler på.

Eg er glad det er påske, då kan eg gjere så mykje hobbyting eg berre vil og så lite husarbeid som eg vil og. Eller noko slikt.

søndag, mars 14, 2010

Hundegenser, til katt!

Ikke til katta på biletet, den var berre fotomodell for ein dag;)
Dette er ei bestilling frå ei venninne, og vart veldig fin tilslutt, problemet var berre at eg syns den var eit solid herk å strikke (kan ha noko med at det var mønsterstrikk fram og tilbake, eg hatar det!)

Om du ikkje føler at du har blitt avskrekka av min fantastiske skildring av mønsteret så kan du finne det her på Garnstudio sine nettsider.
Eg brukte 52 gram av Viking sportsgarn i dei to lillafargene dei har, genseren er strikka i storleik chihuahua og passer Kristianes dattepus.

No er det jo tid for såing av diverse krydderurtar, og eg må jo lære meg dette. Då falt valet på denne boka. Trur den er heilt perfekt for meg!

Ha ei super fortsatt helg, for no skal eg kose meg med nye mønsterhefter eg har kjøpt!

lørdag, mars 06, 2010

Selbuvotter ( igjen )

Desse skulle jo eigentleg vere ferdig i februar, men siden eg har vore så redusert i armen og prøvd å målrette alle mine kreftar mot skulearbeidet tok ting tid.
Mønsteret er henta ifrå Terri Sheas Selbuvotter og heiter votter med lilje og harpe.
Eg brukte 75g av blå og kvit hifa2 tilsaman. Den blå er farge 6039, heilt fantastisk nydeleg!
Pinne 2.5 til store mannehender.

Eg held på å brodere eit bilete til Ks 3-årsdag, men siden at eg no har brodert feil(!!!) trur eg det blir til 4-årsdagen. Eg hater å rekke opp!

Good news: Eg har mest sannsynleg fått lærlingplass som bunadstilverkar ifrå hausten av! Hurra!

Ha ei god helg:D