torsdag, april 30, 2009

Goddag blogg!

Eg er ikkje ein god blogger, trur eg. Ikkje oppdaterer eg ofte (nok) og ikkje har eg eit godt og morosamt språk. Rett og slett, så skulle ein jo ikkje forstå kven som orker å lese denne bloggen (fnis).

Spesielt no er det veldig bloggtørke, ikkje får eg gjort så mykje på kveldstid som eg vil, og eg har attpåtil begynt på ein duk som eg broderer, det kjem nok å ta si tid, for eg er ikkje eingong ferdig med ein fjerdedel.

Ikkje har eg over 100 000 treff, 30 kommentarar på kvar post og favorittstempel hos dei "kule" i bloggverdenen, og ikkje er det eit streben heller.

Eg elsker å få kommentarer, eg elsker å få høyre at det eg har laga er fint, og eg tar til meg kvar eineste kommentar! Eg tek det til mitt hjarte og grunnar på det som ei Maria gjorde i juletider.
Eg les bloggen til dei som skriv til meg og skriv gjerne noko tilbake, kanskje eg ikkje har tid der og då men ei anna gong blir det gjort. Eg har enno til gode å finne ein _keisam_ blogg om handarbeide, og eg trur faktisk aldri eg finn det.

Eg er så heldig at eg har moglegheita til å gå på videregående skule no. Delvis pga latskap, bohemlivet og graviditet blei eg aldri ferdig. Då eg endelig fann ut at det var Design og handverk eg ville drive med, så blei det ei lita K i magen min som gjorde at eg måtte slutte. Så no går eg førsteåret videregåande i ein alder av 23. Heilt fantastisk! Og det beste er at eg er så heldig å ha verdas mest kreative folk rundt meg! I gangane eg går i så treff eg Muffin, som er eit av mine store idol i strikkeverda, eg har ei lærerinne som er fantastisk kreativ, glad og sprelsk nok til å kunne vere på linje som meg (fnis), ein teiknelærar som har ein meget spesiell og sær humor som gjer at eg virkelig liker meg i timane hennar. Og det beste av alt, eg kan lage ting eg vil lage i skuletida!

Så idag då eg gjekk forbi tekstilklassen (eg har søkt gullsmed- og tekstillinja til neste år, det beste hadde jo vert å kunne gå begge to samtidig) så eg eit kjend namn på timeplanen. Eg hadde lest det namnet før, eg hadde tilogmed prata med personen visste eg, men kven var ho? Eg spurte lærerinna mi om kven ho var, og fekk høyre at ho skulle lære ho å pjone! Det ville eg også lære! Så eg sto i døra og skulle vente på ei med rødt hår sånn at eg kunne få snike på ho. Og mens eg står det så ser eg ei som kjem (ikkje med flammerødt hår som eg så for meg) og ho ser på meg og spør: "har ikkje eg kommentert i bloggen din?" "jo, svarte eg, eg trudde jo det var du men eg måtte berre snike på deg". Ho sa at eg hadde så mykje fint strikka.

Så kanskje eg ikkje har den bloggen med mest besøk, mest kommentarar og flest innlegg, men eg har ein blogg som blir hugsa! Og det er viktig!
Har du møtt ein blogger på gata?


Ja! Og før eg gløymer det, ho som kjente meg igjen fortjener å få bloggen sin vist http://martehenriksen.blogspot.com

mandag, april 13, 2009

Mitt påskeprosjekt

Ja, så var påska over for denne gong. Ekstremt deilig å ha ferie, endelig fekk eg gjort noko på handarbeidsfronten. Eg begynte med denne genseren nokre dagar før påske, men pga skulearbeid så blir det ikkje prioritert på kveldstid. Får håpe det endrar seg fordi eg har kjøpt garn til ein genser til meg også.

Oppskrifta til genseren fann eg her og eg har brukt 159g alpakka i forskjellige fargar i størrelse 2 år. Eg skulle egentlig strikke den i fargene som var brukt i mønsteret, men dei var så altfor blasse.

Eg laga ikkje knappestolpe fordi eg aldri fekk det fint, så eg lot vere å sy halsen dobbelt. Men eg merker at eg har felt av litt for hardt så eg må kanskje ta det opp etterkvart. Heldigvis gjer det ikkje noko for K å få ein genser tredd over hovudet.
Men det verste er, og dette gjer at eg føler at genseren ikkje ble noko fin, at eg har kjøpt to forskjellige parti med brunfargar noko som syntes veldig godt på dei bildene eg tok av berre genseren. Og eg såg det faktisk ikkje før eg hadde tatt bilde! Så irriterande!

No skal eg bruke resten av dagen på å brodere litt på ein duk, så kanskje den er ferdig til sumaren når vi har ferie neste gong:) Imorgon skal vi spikke kniv i klassen og det blir kjempegøy!

tirsdag, april 07, 2009

Nøstebarndress og fantastisk middag!

Endelig blei eg ferdig med denne, eg trur eg starta på den ifjor ein gong. Godt å ha det gjort, samtidig har eg litt dårlig samvit for at det var til dottera til ei venninne av meg. Men men, sånn er det å ha fullt kjør heile dagen. No er den iallefall ferdig og eg er overlukkeleg. No skal ho sy knappane sjøl og eg skal vaske og dampe den imorgon.

Mønster ifrå Nøstebarnboka, brukt 319g New Zealands Lamb wool i lilla og grønn.
And speaking of lamb. Eg har laga heilt fantastisk middag idag, inviterte mamma og farmora og farfaren til Kristiane på lammelår (eller lamme lår som eg synest er så fantastisk morosamt).
Blei inspirert av matpratreklamen og fann oppskrifta på Provencalsk lammelår på matprat.no.

Her er bilde rett før den skal i ovnen.


Her er den nesten ferdig oppspist. Eg fekk så mykje skryt og det var så godt, og mykje enklare enn eg hadde trudd! Og eg som egentlig ikkje er så flink til å lage mat!
Til dessert hadde vi Oreokake, oppskrift henta ifrå detsoteliv.no, veldig veldig mektig. Og det tok si tid for det er 4(!) forskjellige lag; kjeksbunn, kremostfyll, sjokoladepudding og krem på toppen. Eg valgte å ikkje ha sukker i kremen for eg rekna med at det kom til å bli for søtt.
Som dykk kanskje forstår så fekk eg ikkje tatt bilde før det blei spist. Eg tar det som eit kompliment! No gleder vi oss berre til Oslotur, og kanskje eg får strikka litt meire på genseren til Kristiane i påska.

God påske til alle mine vakre blogglesarar!