tirsdag, mars 03, 2009

Monsterbukse og hals

Eg har også kasta meg på monsterbuksebølgen som herjar rundt omkring. Så eg fann oppskrift ein eller anna plass på nettet (eg har dessverre gløymt kor eg fann han, om du tilgir meg).
I oppskrifta skal ein bruke dobbel Opal, og pinne 3,5. Dumme meg trudde at dobbel Opal og pinne 3,5 blei Viking sportsgarn på pinne 3,5. Dette er i størrelse 3 år (ihvertfall) og han som skal ha den er like gammel og like liten som K, altså ein knøtt på 18mnd.
Jaja, eg får berre håpe at han ein gong passer den.For å seie det slik: eg fekk ikkje heilt til disse maskestingane, så det blei berre to tenner, og dei knøvla eg skikkelig med også! Augnene gjekk betre, men på nært hald ser ein jo at det ikkje er bra sydd på. Om mottakeren ikkje liker den, så kan eg jo seie at eg har lært K å sy. Evt finne opp eit søsken på rundt 4-5 år og gje ho skulda.
Buksa veier 236g.

Med barnehagebarn så forsvinn jo ein heil del ting. Eg har mangla halsen eg strikka til K for lenge siden. Så eg fann ut at ho skulle få ein ny hals i samme garn som sokkane hennar. Hummingbird Alpakka. Fy flate som eg elskar dette garnet! Eg brukte 56g på halsen, og no har eg berre 19g igjen, og eg har ikkje peiling på kva eg skal lage av 19g luksusalpakkagarn! Eg har heldigvis eit nøste til, i blå/grønnfargar, og det skal bli nattsokkar til meg. Heldige meg!
Her ser du baksida på halsen.
Det skal seies at den halsen eg har leita etter fann eg idag då eg skulle sjå i den kurven med alle luene og vottane og skjerfene. Så eg har tydeligvis ikkje leita godt nok.

Hmm... Kva skal eg no lage?

3 kommentarer:

Pinneguri sa...

Alle kan jo se at det er et monster! I hvert fall hvis du er mellom 2 måneder og 7 år, og det er vel målgruppa?
Stiiiiiilig :)

Unknown sa...

Disse ullbuksene er så stilige, har egentlig tengt og strikke slik jeg og, me tiden strekker ikke til :-)
Ønsker deg en flott uke :-)

Mikkelsen Lea sa...

Hvor fant du oppskrifta?